I dag kom dagen då Gunhild med familien, eller "Gonnil" som ho heiter på mitt språk, kom på besøk her i Shanghai for 2 veker. Dette til alle sin store glede. Gonnil er Arna si besteveninde, og det er ekstra stas å få besøk av ho.
Det blei lunsj i leiligheten, før sightseeing i gater og i den flotte Fuxingparken. Når eg går i den mest trafikerte gata her i Shanghai, dukkar det plutseleg opp store grøne parkar, og det er mange av dei her i byen. Her er det alltid eit yrande liv, og eg forstår godt at folk benyttar seg av dei flotte parkane. Frå tidleg morgon ser eg større gruppe, eller ein einsam person som står og driver med "Tai Chi". Dette er ein kampsport der bevegelsane ofte blir praktisert som terapi for å bedra helsa og livsgleda. Bevegelsane blir beskrevet som "vakre" å sjå på. Det er utruleg fasinerande. Eg får ei indre ro når eg ser på dei som held på med dettte. Kansje det blir neste prosjekt :) ???
Andre ting som er vanleg å sjå i parkar er litt eldre karar som sit og spelar kort og røyker, dansegrupper som dansar ei form for folkedans, brudepar som tek bilder, folk som tøyer og bøyer, folk som held på med drageflyging osv. Det eg har lagt merke til er at det er mykje folk i godt vaksen alder, 50-60+++ som driv med aktivitetane. Det er vel ein god grunn til at kinesarane har høg levealder. I tillegg er det mest vanleg for folk i Shanghai å bu i små leiligheitar. Dette er nok ein god grunn til at dei trekk ut i parkar tenker eg...
Kvelden blei avslutta på "The Bund", og øl i Skybaren til "House of Roosevelt" med fantastisk utsikt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar