søndag 24. mars 2013

"Yellow mountain"

"Yellow mountain", Huang Shan på kinesisk, med betydninga "Gulfjellet", er ei fjellkjede sør i Anhui-provinsen aust i Kina. Området er berømt for sin fantastisk flotte natur, og har i tillegg varme kjelder og naturbasseng. Det er 77 fjelltoppar her som har ei høgde på over 1000 moh. Dei tre høgste toppane er Lotustoppen (1864 moh), Lyse spisstoppen (1840 moh) og Himmeltoppen (1829 moh) Byen Huangshan som har fått navnet frå fjellkjeda, ligg i nærleiken. Huangshan blei oppført på UNESCOs Verdensarvliste i 1990 for sin naturlege skjønnheit, og er svært poppulært å dra til for turistar. Etter det blei kjendt at fjellformasjonen i filmen Avatar er inspirert av "Yellow mountain", har fjellkjeda blitt endå meir kjendt rundt om i verda. Fjellkjeda er ofte omgitt av skyer, men ein kan sjå lyseffekter som byr seg fram på toppen. Dette blir kalla "Skysjøen" og "Buddhas lys", som lokkar mange turistar til å gå opp på toppen. 





Eg og Emma har planlagt turen vår i to veker, og vi har verkeleg gleda oss. Men det var ikkje før kvelden i forvegen at vi fann ut at alt skulle ordnast. Varme klede, regntøy dersom vi skulle møte på regn, kjøpe bussbillett, kjøpe mat, printe ut reservasjon... Ja, det var faktisk mykje å tenka på plutseleg. Men vi kom i mål seint på kvelden, og tok taxi til busstasjonen kl 06.30 fredag morgon. Der satte vi oss på ein buss som skulle ta oss 6 timar, vest for Shanghai, til "Yellow mountain".


Bussturen var eit kapittel for seg sjølv. Det var heilt ok standard på bussen, men ingen toalett. Dette resulterte i at vi hadde fleire stopp på vegen, og det var såklart røyking som var det viktigaste for kinesarane, da det er heller unntaket av dei som ikkje røyker her. Pausane blei lagt opp til når folk ønska det. Bussjåføren satte anlegget på fullt, og vi høyrde på kinesisk musikk heile vegen. Takk og lov for iPhone og god musikk på øyra. Det var mange som plutseleg reiste seg opp for å ta bilde, strekke på beina, eller ha ei tøye økt. Vi hadde med andre ord underhaldning på vegen, og var svært nøgde når vi kom fram til Tangkhou, som er ein liten forlatt landsby under fjellkjeda.


Deretter tok vi lokal buss opp til inngangen til "Yellow Mountain". No var vi frykteleg spente, og det kribla i magen da vi gjekk gjennom inngangen og satte oss inn i kabel-bana som skulle ta oss fleire hundre meter rett opp dit vi skulle starte å gå. Kabel-bana var noko av det mest fantasiske eg har vore med på. Her var mitt fyrste møte med synet av fjella så nerme. Det var fleir hundre meter rett ned og rett opp. Eg fekk ikkje sjå meg nok om.

Vi begynte å gå i trappene, og det var imponerande å sjå kor mange timar som var lagt ned i stibygging, da det var hogd ut trapper rett opp og rett ned, trasseer langs fjellsida, bruer og tunnellar. Vi måtte stoppe opp å ta bilde rundt kvart hjørne, for dette måtte dokumenterast. Medan vi gjekk, kjende eg ein utruleg god følelse. Endeleg var vi komt oss opp hit, som er eit ubeskrivelig underverk. Frisk luft og fantastiske fjell på alle kantar, er ikkje feil for to jenter fra Norge som er glad i natur.








Etter vi hadde gått nokon timar, både for oss sjølve og i kø, kom det plutseleg opp eit skilt med pil til hotellet vårt "Huangshan Baiyun Hotel". Det var litt rart å komme til eit 4-stjerners hotell midt oppå fjellet. Meget bra hotell-standard, god mat og nokon velfortjente øl, var ikkje feil for 2 stk slitne kroppar. 

                                                   Emma hoppande glad utanfor hotellet

Dagen etterpå stod vi tidleg opp til frukost, gjekk tur omkring på fjellet, før vi la turen ned igjen til kabel-bana. Deretter venta 6 timar med buss tilbake til Shanghai. Men jammen var det verdt turen. Takk for ein fantastisk tur Emma !!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar