mandag 1. april 2013

Paradiset Boracay...


Boracay er ei tropisk øy som som ligg på Filippinene. Øya er delt inn i dei tre små distrikta Balabag, Manoc-Manoc og Yapak. Det er ca 18 000 innbyggjara og arealet er ca 10 kvaderat km. Den tørre perioden er frå midten av november til midten av juni, medan regntida er fra midten av juni til midten av november. Dette fører til at Boracay har ein frodig vegetasjon. Øya er ca 7 km lang og opp til 2 km brei. Den mest kjendte stranda, "White Beach" som eg og Randi bur på, er ca 3 km lang. "White Beach" er kåra til ei av dei flottaste strenden i verda, med den nydelege kvite sanden og blått hav. Nesten alle hotell og restauranter er samla ved "White Beach", og områda dei ligg på er inndelt i stasjon 1, 2 og 3. Det er ca ein halv million turistar som besøker øya kvart år, og svært mange legg turen hit i påsken har eg erfart.  



Då var dagen for Boracay og påskeferie komen. Eg og Randi tok nattflyet til Caticlan med mellomlanding i Manilla. Vi var passe stressa begge to da vi landa i Manilla, og hadde ein liten time på oss til å koma oss ut av flyet, hente bagasjen, gjennom utallige pass kontrollar, sjekke inn bagasjen igjen og komme oss til gate. Men det gjekk bra til slutt, takk og lov. Vi landa i 6-tida, blei møtt av smilande lokalfolk, tok båt til Boracay, og endeleg var vi framme på hotellet vårt Real Maris. Hotellet ligg på stasjon 1 heilt nede ved "White Beach", og her er det som plomma i egget, heilt fantastisk. 


Det er mykje folk på øya om dagen, pga påskeferie, noko som kan vera litt for mykje til tider.  Men eg og Randi fann fort ut at det var lurt å koma seg til enden av stranda, på eit hotell som heiter "Fridays", der det var mindre folk og lite mas fra selgere osv. For ca 70 kr leiger vi solseng, parasoll og får 10 drinkar med på kjøpet, så her nyt vi tilværelsen. Temperaturen har vore på kring 30 grader kvar dag, og då klagar ikkje eg. Ja, det er varmt når ein ligg å steiker seg i sola, men eg som frys nesten heile året, set pris på denne varmen.

Det er såklart mest turistar frå Asia her, og eg har lagt merke til at det er svært mange japanere som ferierar på øya. I tillegg er det mange japanske brudepar som blir fotografert på stranda. Giftar dei seg her og skal tru? Folk frå skandinavia såg eg lite til, men det var eit par ganger eg høyrde nokre svenske og norske gloser.










Vi har sjekka ut den lokale masajen, vore på båt og segltur rundt øya, paraglida, snorkla, vore på tidenes party under åpen himmel, spist fantastisk mat, drukke verdens beste drinkar (mangodrinker er favoritten vår), sett på soloppgang og -nedgang kvar dag, jogga på stranda tidleg på morgonen, festa med lokalbefolkninga, blitt solbrendt+++ 











Alt i alt har Boracay verkeleg oppnådd sine forventingar, og dette har vore eit paradis å koma til for meg. No ventar ei lita veke tilbake i Shanghai før eg set kursen heimover til Norge...


                                                     Tusen takk for denne gang Boracay <3
                                                        


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar