mandag 25. mars 2013

Randi :)

I dag våkna eg til ein nydeleg og klar dag her i Shanghai. Endeleg skulle Randi, som eg har venta på i tre veker, koma til byen. Eg var litt spent sidan flyet blei forsinka frå Doha, men eg og Leon møtte opp på flyplassen og venta nokon timar, og det blei eit gledeleg gjensyn. Deretter bar det rett ut på restauranten "Simply Thai", der maten var noko av det bedre eg har smakt her i Shanghai. Vi tok ein tidleg kveld, og det kjenner eg er litt godt. Det blir ein lang dag i morgon med tur til Boracay...

                                                    Endeleg fekk eg Randi i armkroken :)

Lunsj i dag blei ei form for lefser med kjøttfyll frå denne driftige dama som står på hjørna sitt kvar dag, frå tidleg morgon til sein kveld. Det er utruleg fasinerande å sjå på når ho lagar dei.


I same gata er det ei dame som bli kalla "Avocado lady" av Arna. Dette pga at det var i denne lille butikken Arna fyrst fann avocado i byen. Her er det i tillegg ein del vestlege matvarer og frukter som det er stor stas å få tak i.



søndag 24. mars 2013

"Yellow mountain"

"Yellow mountain", Huang Shan på kinesisk, med betydninga "Gulfjellet", er ei fjellkjede sør i Anhui-provinsen aust i Kina. Området er berømt for sin fantastisk flotte natur, og har i tillegg varme kjelder og naturbasseng. Det er 77 fjelltoppar her som har ei høgde på over 1000 moh. Dei tre høgste toppane er Lotustoppen (1864 moh), Lyse spisstoppen (1840 moh) og Himmeltoppen (1829 moh) Byen Huangshan som har fått navnet frå fjellkjeda, ligg i nærleiken. Huangshan blei oppført på UNESCOs Verdensarvliste i 1990 for sin naturlege skjønnheit, og er svært poppulært å dra til for turistar. Etter det blei kjendt at fjellformasjonen i filmen Avatar er inspirert av "Yellow mountain", har fjellkjeda blitt endå meir kjendt rundt om i verda. Fjellkjeda er ofte omgitt av skyer, men ein kan sjå lyseffekter som byr seg fram på toppen. Dette blir kalla "Skysjøen" og "Buddhas lys", som lokkar mange turistar til å gå opp på toppen. 





Eg og Emma har planlagt turen vår i to veker, og vi har verkeleg gleda oss. Men det var ikkje før kvelden i forvegen at vi fann ut at alt skulle ordnast. Varme klede, regntøy dersom vi skulle møte på regn, kjøpe bussbillett, kjøpe mat, printe ut reservasjon... Ja, det var faktisk mykje å tenka på plutseleg. Men vi kom i mål seint på kvelden, og tok taxi til busstasjonen kl 06.30 fredag morgon. Der satte vi oss på ein buss som skulle ta oss 6 timar, vest for Shanghai, til "Yellow mountain".


Bussturen var eit kapittel for seg sjølv. Det var heilt ok standard på bussen, men ingen toalett. Dette resulterte i at vi hadde fleire stopp på vegen, og det var såklart røyking som var det viktigaste for kinesarane, da det er heller unntaket av dei som ikkje røyker her. Pausane blei lagt opp til når folk ønska det. Bussjåføren satte anlegget på fullt, og vi høyrde på kinesisk musikk heile vegen. Takk og lov for iPhone og god musikk på øyra. Det var mange som plutseleg reiste seg opp for å ta bilde, strekke på beina, eller ha ei tøye økt. Vi hadde med andre ord underhaldning på vegen, og var svært nøgde når vi kom fram til Tangkhou, som er ein liten forlatt landsby under fjellkjeda.


Deretter tok vi lokal buss opp til inngangen til "Yellow Mountain". No var vi frykteleg spente, og det kribla i magen da vi gjekk gjennom inngangen og satte oss inn i kabel-bana som skulle ta oss fleire hundre meter rett opp dit vi skulle starte å gå. Kabel-bana var noko av det mest fantasiske eg har vore med på. Her var mitt fyrste møte med synet av fjella så nerme. Det var fleir hundre meter rett ned og rett opp. Eg fekk ikkje sjå meg nok om.

Vi begynte å gå i trappene, og det var imponerande å sjå kor mange timar som var lagt ned i stibygging, da det var hogd ut trapper rett opp og rett ned, trasseer langs fjellsida, bruer og tunnellar. Vi måtte stoppe opp å ta bilde rundt kvart hjørne, for dette måtte dokumenterast. Medan vi gjekk, kjende eg ein utruleg god følelse. Endeleg var vi komt oss opp hit, som er eit ubeskrivelig underverk. Frisk luft og fantastiske fjell på alle kantar, er ikkje feil for to jenter fra Norge som er glad i natur.








Etter vi hadde gått nokon timar, både for oss sjølve og i kø, kom det plutseleg opp eit skilt med pil til hotellet vårt "Huangshan Baiyun Hotel". Det var litt rart å komme til eit 4-stjerners hotell midt oppå fjellet. Meget bra hotell-standard, god mat og nokon velfortjente øl, var ikkje feil for 2 stk slitne kroppar. 

                                                   Emma hoppande glad utanfor hotellet

Dagen etterpå stod vi tidleg opp til frukost, gjekk tur omkring på fjellet, før vi la turen ned igjen til kabel-bana. Deretter venta 6 timar med buss tilbake til Shanghai. Men jammen var det verdt turen. Takk for ein fantastisk tur Emma !!!

torsdag 21. mars 2013

Leon og Shang Lee

Grunnen til at Arna og Lars Petter flytta til Shanghai, var at Lars Petter, som jobbar for DNV, fekk eit tilbod om å starte jobbe her for ein periode. Dei blir kalla "expats", som er ein betegnelsen for folk midlertidig busatte i utlandet pga jobb.

Arna, Lars Petter, Solveig og Fredrik bur i ein leilighet i Royal Pavillion. Dette er to tvillingtårn, med 40 etasjar. Dei bur i etasje 18, så dette er ingen stad for dei med høgdeskrekk. Det er litt skummelt mtp på kva barna kan finna på å gjera, så dei fleste vindaugene er blitt knytt igjen og det er strenge reglar for å gå ut på verandaen. Det er fire soverom og tre bad, så det er med andre ord god plass til besøk. Akkurat no bur vi 5 vaksne og 4 barn i leiligheten.

                                                         Eg bur no i det venstre tårnet

Leon er privatsjåføren til Lars Petter, og køyrer han til og frå jobb kvar dag, samt Solveig og Fredrik til skulen kvar dag. I tillegg kan Arna bruke han som sjåfør til og frå butikkar, og andre aktivitetar som ho held på med. Det er utruleg fint når eg og andre er på besøk å ha han som sjåfør, sidan han er kjend i byen og kan kinesisk. Dersom eg ønsker å dra til eit marked ein dag, køyrer han meg dit, ventar i bilen eit par timar, for så å køyre meg heim att. Då nyttar han tida ofte til å sove i bilen. Leon er oppvaksen i Shanghai, og bur i ein leilighet i byen saman med foreldra sine.


I tillegg har Arna og Lars Petter ansatt "ayi", og heiter Shang Lee. Ho hjelp til med husarbeid, matlaging og kan passe på Solveig og Fredrik dersom det skulle vera behov for det. "Ayi" er det same som hushjelp, og nesten alle expater har ansatt ein "ayi". Shang Lee er ei utruleg hjelpsam dame. Ho har arbeidstid her i leiligheten frå kl 15-20 i vekedagane, men hjelp også til i helgane dersom det er behov for det. Shang Lee har vist seg å vera utruleg flink å lage mat, og eg har lært nokon kokkekunster av ho i tida eg har vore her. Ein kveld laga ho dumplings, noko som er blitt min favoritt. Ein kveld laga eg vaniljebollar, noko ho aldri hadde laga eller smakt før. Men ho klarte utforminga meget bra, og eg trur ho likte smaken sidan ho ville ha med seg bollar heim som kveldsmat :)


onsdag 20. mars 2013

Aleine heime

No sit eg faktisk i den store leiligheten her i store Shanghai, heilt aleine. Arna med familien, og Gunhild med familien drog til Beijing på tirsdag og skal vera til fredag. Sidan eg har besøkt Beijing tidlegare, og skal på kinesisk kurs denne veka, blei eg igjen her. Det skal nok gå bra.

I dag har det vore kaldt ute, ca 12 grader og vind, så det passa fint med kinesisk kurs med Rainbow. Det er artig når ting begynner å sitte, og når eg forstår heile setningar. Rainbow er alltid like blid og flink til å læra bort.

Eg var ein tur ute tidlegare på dagen, og gjekk forbi ein kinesar som sat og sov utanfor butikken sin, og kinesara som sov på benkar i parken, noko som ikkje er uvanleg å sjå her. Det verkar som at dei nyttar kvart høve til å få seg ein blund dersom/der det skulle passe.



Bildet under viser nokon karar som eg går forbi kvar dag. Dei sit og spelar brettspel tidt og ofte, og det verkar som dei er heilt oppslukt i det dei held på med. Når eg gjekk forbi dei i dag, drista eg meg til å spørja om eg kunne få ta eit bilde av dei. Det var så godt som ingen respons på spørsmålet mitt, men ein av dei nikka sånn halvegs (kinesaren som ser på bildet) og eg forstod det slik at det var ok. Så eg knipsa i veg...



På kvelden inviterte eg Emma på besök, og vi bestillte oss mat levert på døra. Det er utruleg fint gjera slikt ein gang i blandt. Vi har hatt ein god gammaldags jentekveld med dramafilm, og prating. I tillegg har vi planlagt turen som vi skal på i helga. Den går nemleg til "yellow mountain", noko som eg er sikker på kjem til å bli ein opplevelse for livet. Vi dreg fredag morgon, og er tilbake lørdag kveld. Dersom nokon har sett filmen Avatar, er det "yellow mountain" filmen har henta inspirasjon frå. Det er ei utruleg flott og spesielle utformingar på denne fjellkjeda. Eg kjem tilbake og skriv om dette etter turen.

                                            Emma er veldig nøgd med maten ho bestillte.

mandag 18. mars 2013

Gonnil :)

I dag kom dagen då Gunhild med familien, eller "Gonnil" som ho heiter på mitt språk, kom på besøk her i Shanghai for 2 veker. Dette til alle sin store glede. Gonnil er Arna si besteveninde, og det er ekstra stas å få besøk av ho.

Det blei lunsj i leiligheten, før sightseeing i gater og i den flotte Fuxingparken. Når eg går i den mest trafikerte gata her i Shanghai, dukkar det plutseleg opp store grøne parkar, og det er mange av dei her i byen. Her er det alltid eit yrande liv, og eg forstår godt at folk benyttar seg av dei flotte parkane. Frå tidleg morgon ser eg større gruppe, eller ein einsam person som står og driver med "Tai Chi". Dette er ein kampsport der bevegelsane ofte blir praktisert som terapi for å bedra helsa og livsgleda. Bevegelsane blir beskrevet som "vakre" å sjå på. Det er utruleg fasinerande. Eg får ei indre ro når eg ser på dei som held på med dettte. Kansje det blir neste prosjekt :) ???



Andre ting som er vanleg å sjå i parkar er litt eldre karar som sit og spelar kort og røyker, dansegrupper som dansar ei form for folkedans, brudepar som tek bilder, folk som tøyer og bøyer, folk som held på med drageflyging osv. Det eg har lagt merke til er at det er mykje folk i godt vaksen alder, 50-60+++ som driv med aktivitetane. Det er vel ein god grunn til at kinesarane har høg levealder. I tillegg er det mest vanleg for folk i Shanghai å bu i små leiligheitar. Dette er nok ein god grunn til at dei trekk ut i parkar tenker eg...




Kvelden blei avslutta på "The Bund", og øl i Skybaren til "House of Roosevelt" med fantastisk utsikt.




søndag 17. mars 2013

Regn i Shanghai


I dag vakna vi opp til ein skytung søndag. Vermeldinga melde om regn utpå dagen, noko som skulle visa seg å vera heilt riktig. MEN det stoppa ikkje oss i å legga ut på ein tur til She Shan. Som eg har blogga om tidlegare, ligg denne staden ca. 30 min køyring (utan køkøyring vel og merka) utanfor byen. Planen var å sjå på den flotte naturen der ute, samt treningstur og sykling for Solveig og Fredrik.

På vegen stoppa vi på møbelbutikken, "J4KID", som sel designmøblar. Masse flotte møblar som eg gjerne skulle kjøpt med meg heim. Når det i tillegg er så billig i forhold til Norge, freista det enda meir. Men kofferten er dessverre litt for liten. Fann ein kul stol som kansje passar inn i huset mitt ein dag :) 




Vi kom fram til She Shan, og sidan det var søndag var det mykje folk som skulle på tur. I tillegg er det ei katolsk kyrkje på toppen av den eine åsen, og det såg ut som at det hadde vore gudstjeneste denne dagen.



Det var fint med løping i motbakke og mjukt underlag igjen, etter å ha løpt mykje på asvalt og flatt terreng i byen.  Når det i tillegg kom regn fekk eg litt følelse av å vera heima på vestlandet. Men med 18 grader og masse høglydte kinesera som vrimla omkring på alle kantar, var det ikkje heilt som heima likevel… 





Bildet under viser ein typisk kinesisk bygning som eg løpte forbi, og denne blir kalla ”Pagoda”. Dette er ein høg bygning med mange detaljar, og kan ha mykje utsmykking. Sjølv om Shanghai har mange høge skyskrapere som er ”arva” frå arkitekturen til vesten, var kineserane før ute enn vesten med å bygge høge bygningar. Kineserane begynte å bygge ”Pagoda” allereie for 1400-1500 år sidan. Ein finn ”Pagoda” bygningane mange stader her i Kina. 





fredag 15. mars 2013

Studentar i Shanghai

Veninda mi Emma, som eg blei kjendt med forrige tirsdag, sit i student styret, "ANSA", for dei norske studentane her i Shanghai. Eg var så heldig å få bli invitert med på ei samling med studentane. Plutseleg fekk eg ein fin anledning til nye bekjendte. Slikt seier ein ikkje neitakk til :)

Samlinga var på O´mallys, som er ein brun pub like ved her eg bur. Det var middag og øl/vin/coctails som stod på menyen. Det dukka opp studentar frå heile Norge, og frå ulike studieretningar som kinesisk, samfunnøkonomi, statsvitenskap og BI-studentar. Dei fleste studerte ved "Fudan University", som ligg ca. 20 min med taxi utanfor byen. Universitetet blir rekna for å vera det beste i Kina og ein av dei beste i verda på dei økonomiske utdanningane.

Denne flotte gjengen her, hadde eg ein kjekk kveld saman med. Det var mykje spennande studentane kunne fortelle meg om det å bu og studere i Shanghai. Samhold mellom dei norske studentane verka til å vera veldig bra. Kansje ikkje så rart sidan det er få av dei her, ca. 60 studentar frå Norge. I tillegg lever dei på den andre sida av kloden, langt heimefrå mor. Nesten som eg fekk lysst til å studera igjen, og dra til utlandet. Men berre nesten... Brun pub og iPhone kamera, viste seg å ikkje vera ein god kombinasjon. Men bilde må eg ha uansett. Det var ein utruleg flott gjeng, og god stemning. Det blir nok fleir treff med dei :)


                         

Shanghai-fakta

Folkerepublikken Kina vart oppretta 1.oktober 1949, etter at kommunistane stort sett hadde gått sigrande ut av den kinesiske borgarkrigen. Det var først i 1971 at landet blei anerkjendt av FN. Landet har ei lang historie med Mao som herskande ledar fra 1935-1976, medan det i dag er prsident Xi Jinping som er styrer i landet.

                                                              Kinesiske flagget
       
Shanghai er den største byen i Folkerepublikken Kina og verdas største havneby. I fylgje wikipedia er innbyggjartalet per 2012 på 23 millionar. Byen har stor historisk betydning, men er i dag fyrst og fremst knytta til stor økonomisk vekst. Bydelen Pudong, har vakse fram som eit av verdas største økonomiske område.

Byen har fire årstider. Vinteren er kjølig, fuktig og kald, medan somrane er varme og fuktige. Ellers kan det variere veldig. I tida eg har vore her, har teperaturen og klima hatt store svingingar. Første veka eg var her, hadde vi temperatur opp mot 30 grader, medan det ein dag var nede i 7 grader. Eg foretrekk 30 grader og strålande sol :)

I dag har eg og Arna vore på "Shanghai Urban" museum. Her var det mykje historiske tilbakeblikk på korleis Shanghai såg ut før, korleis det er i dag og kjem til å bli. Det er fasinerande å sjå kor fort kineserane har klart å bygge opp byen. F.eks. starta kineserane å bygge skyskraperene på Pudong i 1992, til å bli dei enorme bygningane som står der i dag. Før dette bestod Pudong av jordbruksområde.



                                                                   Pudong av gull

                                         Miniatyr-modell av Shanghai. Denne var SVÆR!!!

Etter museum besøket gjekk vi på Starbucks og kjøpte kaffe. Det er utruleg mange av dei kafeene her i byen, noko som eg er veldig glad for. Det er nemleg min favoritt. Krysser fingrer for at Oslo får seg ein Starbucks etter kvart. Bildet av meg viser gågata "Nanjing Padistrian Street", som er Shanghai sitt svar på "Karl Johan". Berre litt større :)




                                         "Nanjing Padistrian Street" med tv-tårnet i bakgrunnen







tirsdag 12. mars 2013

Kinesisk-kurs

Kinesisk er ei språkgruppe i den sinotibetanske språkfamilien. Dette omfattar over 350 språk i det austlege Asia.

Det er ca. ein femtedel av folket i verda (ca. 1,2 milliardar) som snakkar ei form for kinesisk som morsmål, og det blir difor det språket i verda med flest morsmålsbrukarar. Standard mandarin er det mest vanlege, og det er dette eg lærer meg, og som er det offisielle språket i Folkerepublikken Kina.

Kinesisk talespråk er eit tonespråk. Det er tonen stavingane blir uttala med, som er det einaste som skil orda frå kvarandre. På standard mandarin har ordet "Ma" 5 ulike betydningar, alt etter kvar ein legg trykket på bokstaven "a". Dette kan by på utfordringar...





Eg har starta å læra meg kinesisk, og tek privattimar med Rainbow. Rainbow har eigentleg eit kinesisk navn, men mange kinesera velger sitt engelske navn sjølv. Nokon meir orginale enn andre :) Rainbow er oppvaksen i Shanghai, og lærar på ein ungdomsskule her i byen. Ho har tidlegare vore operasanger i Italia, og kan både kinesisk, engelsk og italiensk.  

Dagens time gjekk på å læra seg tonane i språket, litt grammatikk og daglegtale. Rainbow er ei utrulig dyktig, engasjert, lærevillig og morsom jente, så timane med ho er og kjem til å bli bra. No er det øving og pugging til neste gang. Kjenner på meg at dette kan bli utfordrande. Men gøy er det uansett.



                                                                            Rainbow

Spa-behandling

Ein av dei beste tingene med å vera her i Shanghai er spa-behandlingen som eg benyttar meg av. Arna har funne sine favorittstader like i nærleiken her vi bur, og dei blir flittig besøkt. Etter "boot camp" er det herleg å ta ein time med kinesisk masasje, ansiktsbehandling eller manikyr og pedikyr.

Eg har vore på ein del spa-behandlingar i Norge, men dei kan ikkje målast med det ein får her. Kineserane jobbar heile tida. Når eg tek ansiktsbehandling og ligg med maske, startar dei å massere nakke, armar og hender, i staden for å gå ut av rommet medan maska skal trekke inn. Her får ein valuta for penga. Ein kan få 1 1/2 time med massaje for 120 kr, ansiktsbehandling i 2 timar for 300 kr og manikyr og pedikyr for 150 kr. Det kan ein ikkje klage på.

                                                        Pedikyr på "Drogon fly" 

Dagen i dag starta med "boot camp" med Andy utandørs, sidan luftkvaliteten var rimeleg bra. Dette var ein av dei hardaste timane eg har hatt. Sidan det blei arrangert mitt i ein park ved studentboligar, fekk vi ein del tilskodera også, så her måtte ein gi alt !!! Etterpå var det lunsj-tid på ein koseleg kafe ute i sola, litt shopping og på kveldinga var det tid for den ukentlige ansiktsbehandlinga :)

                                                               Meg og Siri på lunsj



                                                                    Vår i Shanghai

mandag 11. mars 2013

Dumplings

Når eg går på gatene her i Shanghai, er det ein stim av matlukt overalt. Nokon lukter er betre enn andre såklart. Det er til tider ein så ufattelig dårleg stank, at eg berre må koma meg bort frå det hjørnet der stanken kjem ifrå. Her i Kina spiser dei faktisk hundar. Eg har sjølv sett med eigne auger at dei har slakta ein hund. MEN, nok om det...

Men andre ganger er det svært innbydande gatemat som luktar og ser bra ut. Eg har funne to favorittar. Den eine er ein type tynne nanbrød som smakar himmelsk, og kostar ca. 3 norske kroner. Min andre favoritt er dumplings, som også smakar himmelsk godt. Ein får 4 stk dumplings for ca. 6 norske kroner.

Kort fortalt er dumplings laga av ein type butterdeig, fyller deigen med det ein ønsker, for så å koke eller frityrsteike dei. Eg likar dei såklart best frityrsteikt. Innhaldet kan berre fantasien begrensa, men min favoritt kjøpte eg i dag. Den var fyllt med svinekjøtt og sesamfrø på toppen. Perfekt for lunsj ein dag eg går aleine i gatene :)



                                                               Dagens dumplings

                                                               Himmelsk gode nanbrød

søndag 10. mars 2013

Gudstjeneste i "Green Valley"

Søndag er dagen for gudstjeneste heime i Norge, og det er heller ingen unntak her i Shanghai. Eg, Arna, Solveig, Fredrik og Emma (norsk veninde som studerer teater her i Shanghai) drog til "Green Valley", som er eit nydeleg villa område like utanfor bykjerna. Her bur mange norske og skandinaviske familiar.

Inne på området er det ein stor bygning der det mellom anna er resepsjon, butikk, restaurant og ulike arangemang rom. Eitt av desse romma blei i dag nytta til å halda gudstjeneste. Denne blei halden av sjømannsprest Steinar Rishaug frå Ørsta. Dette i samarbeid med KlubbNorgeShanghai. Det var ei fin gudstjeneste med fokus på påsken, som vist på bilete under.

Folk stilte opp med bakevarer som var til kyrkjekaffien etter gudstjenesta. Dette passa meg midt i blinken. Norske vafler og boller var ikkje feil. Det var veldig kjekt å prate med andre norske som var der.

Ei jente som gjore stort inntrykk på meg var 17 år gamle Martine Arvesen. Ho drog til Shanghai, som einaste utvekslingsstudent frå Norge, starta på kinesisk skule med berre kinesera og bur hjå ein kinesisk familie. Det var mykje utfordringar for ho i starten, og då spesiellt mtp språket. Ingen i familien hennar kunne prate engelsk. Alt gjekk på kinesisk og fingerspråk. Ho fortalde at dusjing er lov ein gang i veka, maten er ris og nudler samt strenge reglar. Ho slo meg som ei svært tøff jente, og verka mykje eldre enn sine 17 år. Viser til bloggen hennar dersom nokon er intressert. Mykje spennande lesing !!! www.martinearvesen.blogg.no


                                                       Sjømannspresten Steinar Rishaug


                                                      Emma i gatene til "Green Valley"


                                                              Villaer i  "Green Valley"

lørdag 9. mars 2013

Bli barn igjen...

I dag har Arna og Lars Petter vore på treff med fleire norske par. Då er eg så heldig og få ansvaret for mine to nydelege tantebarn, Solveig (5 år) og Fredrik (4 år), heilt aleine. Vi har storkosa oss med leik, kortspel, stigespel, løpt opp og ned i gangane, kledd oss ut, bestillt pizza, spist lørdagsnop og sett tegnefilm. Til slutt får dei lov til å sovne på sofaen, berre fordi eg passar dei. Det er fint å ta del i dei små, men likevel store gledene som dei har. Det handler om å lære seg å bli litt barn igjen, for DEN følelsen er god. Eg kjem nok til å ha mange slike små men likevel store gleder i tida eg bur her saman med dei. Det er eg glad for :)

                                                   Alt blir fantastisk med lørdagsnop !!!



                                                                     Solveig

                                                                         
                                                                     Fredrik


Tidleg på dagen fekk eg meg ein joggetur langs elva til "The Bund". Herleg å koma seg ut av bykjerna og jogge langs elvekanten. Det har vore nok ein varm dag, med 26 grader, så det er svært enkelt å la seg motivere ut. La det fortsette slik !!!

                                   
                                                                   Elvepromenaden



                                                                  Buldring langs elva