mandag 22. april 2013

Shanghai reisetips

Etter ei lang reise heim frå Shanghai, med mellomlanding i Moskva og forsinkingar, var det godt å gå av flytoget i Oslo, byen min, og koma heim til eiga seng. Det var utruleg godt å pusta i frisk norsk luft igjen, og det var merkbart mykje stillere i Oslo enn i Shanghai. Det var litt rart å ha den følelsen når eg gjekk i gatene, midt i sentrum av Oslo. Då forstod eg kor stort Shanghai er i forhold. Litt same følelse som å koma heim til Vik frå Oslo. Og den følelsen er god. Borte bra, men heime best seiest det...


                                                            Shanghai reisetips

-Kjøp billige flybillettar på SAS. Her kan ein få billettar nede i 4500,- tur-retur.

-Taxi i Shanghai er billig. Frå flyplassen inn til byen på ca 45 min. betalte eg ca. 160 kroner. Ellers var minstetaksten i taxiane 14 kroner, og det var sjeldan det kom på over 25-30 kroner dit eg skulle. NB!  Hugs på å ha adressa klar til sjåføren, med kinesiske teikn. Det var ingen sjåførar eg møtte på som kunne lese vanlege bokstavar. Adressa finn ein på nettet, eller så hjelper hotellet med dette.

-Hotell i Shanghai er rimeleg i forhold til Norge. Og her får ein valuta for penga blir det sagt. Det er masse flotte hotell å velga i.

-Ta by-bussen, "City tour", omkring i byen for å gjera deg kjendt, og få oversikt.

-Ta turen innom dei ulike stadene som bussen stoppar på. Tempel, høge bygningar, båttur og Yu Garden. Dersom ein skal velga eitt høgt hus, ville eg valgt Perletårnet (Oriental Pearl Tower). Litt fleir ting å oppleva her som 5D kino, gjennomsiktig golv utandørs, leikerom, restaurant, flott utsikt og rett og slett eit veldig fint tårn. Eg ville ikkje kjøpt billett til toppen pga mykje kø. Det er like bra utsikt på den nest øverste utsikten.

-Utelivet må opplevast. Ta turen opp i Roosevelt bygningen som ligg på The Bund og ta ein øl eller to i skybaren. Her får ein ei fantastisk flott utsikt over skyskraperene som har lyset påslått fram til kl 23:00 kvar kveld.

-Parklivet i Shanghai er fasinerande. Legg turen til ein av parkane ein tidleg morgon. Her kan ein gå rundt å sjå på den eldre garden som trimmar og held på med Tai Shi. Eg anbefalar Fuxing Parken.

-Fabric marked og Fake marked er verdt eit besøk eller ti. Å få skreddarsydde kjolar og vesker litt rimlegare enn i Norge er eit kupp.

-Kina maten i byen er god, og ein kan få det veldig billig. I området eg budde var det ein billig og god kina restaurant som heiter Sichuan citizen. Ellers var det dumlings av kinamaten som blei min favoritt. Dette er ein melbolle fyllt med svinekjøtt.

-Dersom ein vil ha Japansk mat, og sushi, vil eg anbefale Haiku restaurantene og Kagen Teppanyaki. Den sistenevnte er veldig spennande. Her sit ein på barkrakkar rundt eit gigantisk steikebord, med kokken i midten. For ca 250,- kan ein bestille det ein vil av rettar som kokken lagar til medan gjestane ser på. Kjøt, fisk grønnsaker, ostar, sushi +++ For dei som er litt galne, er drikken "sake" vanleg å drikke til maten.

-Massasje er eit must når ein kjem til Kina og Shanghai. Her er det meget dyktige behandlera, og prisen er svært låg. Enten ein vel kinesisk massasje, stone massage, oljemassasje, fotmassasje osv. vil ein bli svært fornøgd. Den billigaste og beste staden eg var og fekk min massasje, heiter Zen, og kosta 118 kroner for 1 1/2 time. Ellers kan eg anbefale Dragon Fly, der det både er massasje, manikyr/pedikyr, ansiktsbehandling+++


                                                             Utsikten fra skybaren.


                                                   Forretten på Teppanyaki restauranten.
                                                           Steikebordet i bakgrunnen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar