fredag 8. mars 2013

Barneheim

Dagen i dag har gjort eit stort inntrykk på meg, og set livet i perspektiv. Tidleg på morgonen satte eg og Arna kursen mot ein barneheim her i Shanghai. På vegen dit, kjende eg klumpen i magen og var svært spent på kva som kom til å møte meg, korleis eg kom til å reagera osv. Sjølv om Arna besøker barneheimen kvar fredag, og har fortalt mykje, er nok det å vera der, og oppleva det sjølv, noko heilt anna.

Leon køyrde oss inn ei smal bakgate, og stoppa utanfor ein brun bygning med gitter på vindaugene. Dette kunne nesten minne om eit lite fengsel. Vi gjekk opp ein smal trappeoppgang, og eg kunne høyre ein svak lyd av barn. I andre etasjen var gitteret på døra låst. Då eg såg inn låg det ein gut på ca 12-14 år på golvet. Då han såg på meg, smila han og vinka. Han hadde tydeleg eit syndrom av eit slag. Vi gjekk vidare til neste etasje. Der stod gitterdøra open inn til dei små barna, og vi fekk gå inn dit. Der blei eg møtt av små, nydelege barn som enten var fastbunden i stolen sin, eller som blei tvangsmata av ein ansatt. Eg kjende at klumpen i magen blei større, og at eg måtte klype meg i armen for å tru det eg såg.

Eg fann meg ein liten gut, på ca 1 1/2 år med downsyndrom. Han sat i stolen sin, og venta på å få mat. Eg fekk tildelt ein stor tallerken med nudler, og eg sat meg ned og gav han dette. Eg blei svært overraska over kor fort og kor mykje eit lite barn kan få i seg på ein gang. Guten gapte og gapte, for kvar einaste skei eg gav han. Då tenkte eg, "tørr han ikkje noko anna, eller får dei berre denne eine skåla med mat om dagen?" Etter maten bar eg med meg guten ut på leikeplassen, som var utandørs. Eg blei glad for at det var ein del leiker der, og det verka som at det var stor stas for dei små å komme seg ut sidan dei var svært aktive :) Det er nok ikkje ofte at dei får leike rundt slik som dei vil. I tillegg var eg litt bevisst på å gi guten gode klemmer og stryke han på kinnet, sidan dette ikkje blir gitt i overflod på ein slik stad. Det er mange barn her, og oppmerksomheiten til kvar enkelt blir nok begrensa.

Då vi skulle gå, la eg guten ned i senga sidan det var kvilestund etter programmet. Eg skimta at det var fleire av barna som var bundne fast i sengene sine. Eg forsøkte meg på å ta bilder av dette, men det var ikkje populært. Eg fekk eit stygt blikk og ein peikefinger av dei som jobba der...

Det var med tungt hjarte at eg måtte sei hade. Eg vil jo helst berre ta han med meg heim, og senda resten av barna til ein barneheim i Norge for å forsikre meg om at dei har det bra...

 Barneheimen, sett frå gata


                                                    Første møte med dei små nydelige

                                                                    Hjerteknuser 1

                                                                    Hjerteknuser 2

                                                                     Hjerteknuser 3

                                    Gangen inn til barna. Legg merke til døra med gitter

Etter dette besøket fann eg og Arna ut at vi måtte ha oss ein løpetur for å fordøya inntrykka. Dette gjore godt. Vi drog til She Shan, som er ein ca 30 min køyretur frå byen. Dette er eit nydeleg parkområde, med ein stor katedral på toppen, masse trappetrinn (perfekt for Beijing maraton), bambusskog og eit bra underlag for beina. Sist men ikkje minst var det ikkje feil med 26 grader, strålande sol og ein fin gjeng å løpe med. Ei av dei vi løpte saman med, canadiske Sametha, var coatch og dreiv med "boot camp" her i Shanghai. Ikkje feil å ha med seg ei slik dame på løpetur :)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar