onsdag 20. mars 2013

Aleine heime

No sit eg faktisk i den store leiligheten her i store Shanghai, heilt aleine. Arna med familien, og Gunhild med familien drog til Beijing på tirsdag og skal vera til fredag. Sidan eg har besøkt Beijing tidlegare, og skal på kinesisk kurs denne veka, blei eg igjen her. Det skal nok gå bra.

I dag har det vore kaldt ute, ca 12 grader og vind, så det passa fint med kinesisk kurs med Rainbow. Det er artig når ting begynner å sitte, og når eg forstår heile setningar. Rainbow er alltid like blid og flink til å læra bort.

Eg var ein tur ute tidlegare på dagen, og gjekk forbi ein kinesar som sat og sov utanfor butikken sin, og kinesara som sov på benkar i parken, noko som ikkje er uvanleg å sjå her. Det verkar som at dei nyttar kvart høve til å få seg ein blund dersom/der det skulle passe.



Bildet under viser nokon karar som eg går forbi kvar dag. Dei sit og spelar brettspel tidt og ofte, og det verkar som dei er heilt oppslukt i det dei held på med. Når eg gjekk forbi dei i dag, drista eg meg til å spørja om eg kunne få ta eit bilde av dei. Det var så godt som ingen respons på spørsmålet mitt, men ein av dei nikka sånn halvegs (kinesaren som ser på bildet) og eg forstod det slik at det var ok. Så eg knipsa i veg...



På kvelden inviterte eg Emma på besök, og vi bestillte oss mat levert på døra. Det er utruleg fint gjera slikt ein gang i blandt. Vi har hatt ein god gammaldags jentekveld med dramafilm, og prating. I tillegg har vi planlagt turen som vi skal på i helga. Den går nemleg til "yellow mountain", noko som eg er sikker på kjem til å bli ein opplevelse for livet. Vi dreg fredag morgon, og er tilbake lørdag kveld. Dersom nokon har sett filmen Avatar, er det "yellow mountain" filmen har henta inspirasjon frå. Det er ei utruleg flott og spesielle utformingar på denne fjellkjeda. Eg kjem tilbake og skriv om dette etter turen.

                                            Emma er veldig nøgd med maten ho bestillte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar