onsdag 6. mars 2013

"Get out of Auto Mode !! "

I dag tidleg, 07:30, blei eg henta av Siri som er veninda til Arna. Vi drog på fotokurs ved "The Little Urban Center"på Pudong sida av Shanghai. Vi køyrde gjennom byen for å koma oss dit, og på vegen fekk eg sett skyskraperene som er avbilda på toppen av bloggen min. Får aldri nok av det synet :)

Fotokurset blei halden av amerikanske Gena Falzon, som viste seg å vera ein svært dyktig fotograf og læremester. Ho er spesialist på blant anna livsstil portrett av familiar og nyfødde.

Vi blei undervist og fekk mykje praktisk læring, sidan alle hadde med kvar sitt kamera. Så no framover er det berre bilete med beste kvalitet på bloggen min !!??  Det kan bli ein fin hobby.

Bodskapet gjennom heile kurset var, "Get out of Auto Mode!" Til ettertanke til livet generellt :)



                                                                    Gena Falzon



                                                    Kamera som skal bli mykje brukt...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar