tirsdag 5. mars 2013

Vel framme...

Då var dagen der, 02. mars 2013. Eg pakka ein liten, stor koffert med eit par bytteklede, men mest mat og bestilling frå Arna. Planen er å kjøpa ein del ting her nede, så då er det greit med litt plass i kofferten.

Flyturen gjekk greit, og eg fekk tilogmed sova eit par timar i det trange flysetet mitt på midtre rad. Klokka 12:00 landa flyet sundag morgon, og eg blei møtt av svogeren min Lars Petter, og tantebarna Solveig og Fredrik. Privatsjåføren Leon stod og venta på oss utanfor, og køyrde oss heim til Royal Pavillion, vest Shanghai.

Dei fyrste dagane gjekk med til å koma over jetlag, men sidan eg jobbar turnus og nattarbeid, gjekk dette heilt greit. Så no er eg i slag, og har fått ordna meg blogg :) Dette blir spennande...

Dagen i dag gjekk med til levering i barnehagen på sykkel. (Utfordring i seg sjølv i kina trafikken) Etterfulgt av "boot camp" i treningsrommet med sjarmøren Andy som instruktør, kinesisk massasje på "Dragon fly", deretter invistering av treningsutstyr på Decatlon.



                                                           
  

1 kommentar: