søndag 17. mars 2013

Regn i Shanghai


I dag vakna vi opp til ein skytung søndag. Vermeldinga melde om regn utpå dagen, noko som skulle visa seg å vera heilt riktig. MEN det stoppa ikkje oss i å legga ut på ein tur til She Shan. Som eg har blogga om tidlegare, ligg denne staden ca. 30 min køyring (utan køkøyring vel og merka) utanfor byen. Planen var å sjå på den flotte naturen der ute, samt treningstur og sykling for Solveig og Fredrik.

På vegen stoppa vi på møbelbutikken, "J4KID", som sel designmøblar. Masse flotte møblar som eg gjerne skulle kjøpt med meg heim. Når det i tillegg er så billig i forhold til Norge, freista det enda meir. Men kofferten er dessverre litt for liten. Fann ein kul stol som kansje passar inn i huset mitt ein dag :) 




Vi kom fram til She Shan, og sidan det var søndag var det mykje folk som skulle på tur. I tillegg er det ei katolsk kyrkje på toppen av den eine åsen, og det såg ut som at det hadde vore gudstjeneste denne dagen.



Det var fint med løping i motbakke og mjukt underlag igjen, etter å ha løpt mykje på asvalt og flatt terreng i byen.  Når det i tillegg kom regn fekk eg litt følelse av å vera heima på vestlandet. Men med 18 grader og masse høglydte kinesera som vrimla omkring på alle kantar, var det ikkje heilt som heima likevel… 





Bildet under viser ein typisk kinesisk bygning som eg løpte forbi, og denne blir kalla ”Pagoda”. Dette er ein høg bygning med mange detaljar, og kan ha mykje utsmykking. Sjølv om Shanghai har mange høge skyskrapere som er ”arva” frå arkitekturen til vesten, var kineserane før ute enn vesten med å bygge høge bygningar. Kineserane begynte å bygge ”Pagoda” allereie for 1400-1500 år sidan. Ein finn ”Pagoda” bygningane mange stader her i Kina. 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar