torsdag 7. mars 2013

På sykkel i Shanghai

Å sykle i Shanghai kan vera ein utfordring i seg sjølv. I alle fall før eg blir vand med trafikken her. Når eg og Arna syklar til skulen med Solveig og Fredrik, har eg ein liten klump i magen sidan eg har ein person ekstra å tenka på. Då gjeld det å halda tunga rett i munnen, og vera ekstra oppmerksam på bilar og ikkje minst alle mopedar og syklar som kjem frå alle kantar. Her er det ikkje alltid trafikklys som gjeld nemleg... Plutseleg kjem det ein moped frå venstre og ein bil frå høgre som tutar om kapp i eit kryss. Då er det berre å sykle på, eller stoppe opp som eg har gjort til no. Men eg blir vel tøffare etterkvart :)  Det som er bra, er at det ikkje går i så altfor høg hastighet som i Norge...

Dagen i dag har vore ein nydelig og varm dag i Shanghai. Skikkelig sommar med 25 grader. Eg kledde sjølvsagt på meg ullundertøy, gensar, sjerf og jakke for å vera på den sikre sida. Men angra litt utpå dagen, sidan eg og Arna har vore på ein lengre sykkeltur i byen for å gjera meg kjendt med gater, retningar osv. Endte til slutt opp med berre t-sjorta. Då er det varmt nok, tilogmed for meg :)

Det er ekstremt mange folk på sykkel i denne byen. Katie Melua syng om at det er 9 millionar syklar i Beijing, men eg trur at det er like mange, om ikkje fleir i Shanghai. Det bur tross alt endå fleir millionar mennesker her.

Plutseleg dukkar det opp flotte parkar midt inni storbyen, noko som gjere meg veldig glad. Eg er nødt til å stoppe opp for å nyte grønt gras og eit lite vatn :) Ellers blir eg aldri heilt klok på korleis ein person kan klare å sykle på ein vanleg sykkel med eit ekstremt stort lass bakpå. Dette er heilt vanleg å sjå i gatene, og er vist på bilete under. Eg er imponert !!!

Sykkelturen blei avslutta med ein betre 4 retters lunsj på takterassen til 5-stjerners hotellet "Hengshan, Luxury Collection". Det er tilbod på lunsj rundt omkring i Shanghai denne veka. 118 norske kroner for lunsj er ikkje å forakte :) Og på kveldinga blir det "boot camp" med Andy i treningsrommet på huset. Trur eg kjem til å sove godt i natt ja...



                                                               Sykkelpause i parken




                                                       Kineser på sykkel, med "litt" last.


                                                           Matboder, på sykkel såklart.



























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar